Dansefest med Einar Olav Larsen Trio

Einar Olav Larsen trio vart til etter eit møte mellom folkemusikar Einar Olav Larsen frå Verdal og bluespianisten Daniel Trustrup Røssing frå Levanger. Dei møttes føste gong på Hilmarfestivalen i 2006, og nettopp Hilmar Alexandersen og samspelet med pianisten Sturla Hallås er fremste inspirasjonskjelda for trioen. Eit samspel kjenneteikna av elegant felespel og orginalt piano-akkompagnement, som Alexandersen og Hallås utvikla gjennom meir enn 20 år med speling på bryllaup og fest på Innherred. Og det er denne sampelstradisjonen Einar Olav Larsen trio byggjer vidare på.

Einar Olav Larsen Trio består denne kvelden av:
Einar Olav Larsen, fele
Daniel Røssing, piano
Bárður Reinert Poulsen, kontrabass

Dansefesten er i samband med landsmøtet til Noregs Ungdomslag, men er open for andre enn landsmøteutsendingane.

Sjå også hendinga på Facebook.

 

Dato
22. april 2017
Kl.20.30
Stad
Storsalen
Nordahl Bruns gate 22
Pris
100 for NU-medlem
200 for ikkje-medlem
Gratis for landsmøteutsendingar

Følg oss på sosiale media