Instruktørkurs i folkedans og teater

Noregs Ungdomslag lanserer ei ny instruktøropplæring i teater og folkedans. Det er utarbeidd nye, spennande instruktørkurs, både for teater og folkedans, som skal dekke dei fleste sjangrar. Kursa skal gjennomførast i ulike regionar rundt om i landet.

Instruktørkursa er sterkt subsidiert av sentralleddet. Dette betyr at kursa er rimeleg for deltakarane, og at det ikkje skal vera nokon økonomisk risiko å vera vertskap for kursa.

Målet er å gjennomføra fire teaterkurs og fire folkedanskurs kvart år. Geografisk plassering og fastsetjing av tema for dei ulike kursa blir gjort etter innspel frå lokal- og fylkeslag. Sentralleddet vil vere økonomisk ansvarleg for kurset, men den praktiske gjennomføringa kan leggast til både storkurs i fylkeslaga, eller på eigne arenaer i lokal- og fylkeslaga.

Meld inn ønskje og behov til kurs@ungdomslag.no dersom de vil ha kurs til området dykkar!

Klikk her for å lesa brosjyra for instruktørkursa. 

Følg oss på sosiale media