Aktivitetar for barn og unge

Folkedans

Barnelaget i Oslo

Leikarring for barn for tiden i alderen 3-13 år. Her kan barna lære både vanlege folkedansar og songdansar til akkompagnement av levende spelemenn. Vi har erfarne, dyktige og utdanna instruktører.

Øver kvar torsdag kl. 17.30-19.00
Nordahl Bruns gate 22

Les meir på nettsida til Barnelaget

BULder og brak

BULder og brak er hallinggruppa til Leikarringen i BUL. Her kan du vere med frå du er 10 år, og har lyst å danse halling.

Øver kvar tirsdag kl. 18.00-19.30
Rosenkrantz gate 8

Les meir på nettsida til Leikarringen i BUL

Idrett

IL i BUL 

Idrottslaget i BUL blei stifta i 1913, og har lange, gode tradisjonar innanfor idrettsgreiner som langrenn, skihopp, orientering og friidrett.  Den største gruppa vår er friidrettsgruppa, med ca. 350 aktive utøvarar.

Vi har òg trening for psykisk utviklingshemma, mosjonsgrupper for vaksne samt ei langrennsgruppe.

Les meir på nettsida til IL i BUL