Foto: Knut Utler

Kulturnatt i BLS

Bli med på Kulturnatt i BLS-huset i Nordahl Bruns gate 22. Her blir det dans frå kl. 17-01.

I år er også laga i BLS med på den store kulturfesten i Oslo!  Denne kvelden/natta blir det liv og røre i lokala våre!

Dans og folkeleg kultur kvelden til ende midt i Oslo sentrum i BLS-huset Nordahl Bruns gate 22 og i Nynorskens hus, Teatersalen i Rosenkrantz gate 8

I BLS – huset til Bygdelagssamskipnaden heile kvelden kl 17 – 01.
Folkeleg dans, musikk og song i 3 salar.
Barnelaget med halling kl 17-19.
”Folkedanskveld” i Storsalen kl 19-01 med Østerdølenes spellmannslag og Ingunn Bjørgo trio.
I pausen kl 20.00-20.30 har Bygdelagskoret Blåne konsert.

I Halli og Blåsalen bygdedans, turdans, stildans, songdans og allsang kl. 18 – 24.

Open kafé heile kvelden! Musikk!

I Teatersalen i Nynorskens Hus (BUL), to gonger, kl 18.30 og kl 19.30:
Korsong, teater og danseinnslag basert på norske folketradisjonar.

Alt er gratis! Alle kan delta, også om du ikkje kan danse frå før!

Program

Storsalen – Program frå kl 17.00 til kl 01.00
Kl. 17.00-19.00 – ”Halling for dei minste” – Barnelaget
Kl. 19.00-01.00 – Dansefest. Musikk: Ingunn Bjørgo Trio og Østerdølenes Spellmannslag.
Kl. 20.00-20.30 – Konsert med Bygdelagskoret Blåne.

I Halli og Blåsalen blir det undervist, vist og dansa ulike dansetyper i ei inkluderande atmosfære for alle medlemmer på huset og dei som kjem innom.

Halli – Program frå kl 18.00 til kl 24.00
Kl. 18.00 – 24.00 – Valdreslaget, Hallinglaget, Numedalslaget og Telelaget inviterer til ”Bygdelagsfest” . Det blir minikurs og mange høve til å hive seg rundt i ein springar eller ein rundsnu.

Musikarane Helga Myhr, Laura Ellestad, og Kenneth De Gala, alle tre på hardingfele, bytter på å spele.

Blåsalen – program frå kl 18.00 til 24.00
Kl. 18.00-20.00 – Symra introduserer stildans, turdans og bygdedans.
Kl. 20.00-22.00 – Oslo Songdanslag tar deg med på songdans, stordans, allsong og musikkdans.
Kl. 22.00-24-00 – Hordaringen tar deg med på gammaldans og diverse fellesdansar. Musikarar: Solvor Sundsbø på fele og Edvin Øen på trekkspel.

Kaféen – open kl. 17.00 til 01.00
Heile kvelden kan du få kjøpt kake, kaffi og saft samt pølse i brød/lefse for den som er svolten!

Dette står nokre av laga for. Og – det vil dessutan bli herleg kafé-musikk ved ein flott gjeng på torader.

Bli også med på Kulturnatt i Teatersalen, Nynorskens hus!

Songlaget i BUL, Teaterlaget i BUL og Leikaringen i BUL med spelemannen Vegar Vårdal inviterer til konsert med innslag av dans, teater og song,

Kom kl 18.30 eller 19.30.
Ope hus kl 18.00 – 20.00.

Foto dans kulturnatt

Foto: Runhild Heggem (FolkOrg)

Oslo kulturnatt er Norges største eindagsfestival med arrangementer på cirka 170 arenaer. Dette er ein måte å bli kjend med kulturlivet i Oslo – heilt gratis.

Du kan lese meir om Kulturnatt på Facebook eller nettsida til Kulturnatta

Stad
Nordahl Bruns gate 22
Rosenkrantz' gate 8
Pris
Gratis!
Tid NB22
Kl. 17-01
Tid Nynorskens hus
Kl. 18-20

Følg oss på sosiale media