Klikk her for å sjå liste og link til medlemslaga våre.

Bygdelagssamskipnaden er fylkeslag for ungdomslag, bygdelag og leikarringar i Oslo og Akershus. Fylkeslaget er tilslutta Noregs Ungdomslag (NU). Fylkeslaget har 18 medlemslag, med omlag 1200 medlemer. Vi vil gjerne ha nye medlemer og har mange kurs både haust og vår.

Laga i BLS har mange ulike aktivitetar;

teater, kor, idrett, barneaktivitetar og folkedans.

Mange av laga eig òg eigne hytter i Oslomarka.

Der er flest lag som driv med folkedans, og folkedanskveldane er unike. Kvar søndag samlar vi mellom 40 – 70 danseglade til Folkedanskveld med flott musikk ved forskjellige spelegrupper/lag i Nordahl Bruns gate 22. Rusfritt miljø med dans og sal av vafler og kaffe/brus.

Du kan bli med på eit kurs. Les meir om det her.

Sjå meir i kalenderen vår kva som skjer.

Dette er ein god måte å trimme på – som ein garantert vert i godt humør av.

Dansesalane blir nytta som konferanserom av eksterne leigetakarar når vi ikkje brukar dei sjølv.

Meir informasjon om utleige finn du her.

Lag og ringar har øvingskveldar og nyttar stort sett alle salane kvar kveld heile veka.

BYGDELAGSHUSET
BLS eig Bygdelagshuset i Nordahl Bruns gate 22. Huset har tre salar, møterom, kontorlokale og hyblar til utgleige. Mange av lokallaga har sine faste øvingar her.

UNGDOMSLAG OG BYGDELAG
Grunnstammen av lokallaga i BLS er ungdomslaga (t.d. Bondeungdomslaget i Oslo, BUL) og bygdelaga (t.d. Valdreslaget, Hallinglaget, Håløyglaget m.v.). Dei fleste laga vart skipa rundt 1900 av ungdomar som flytta til Oslo og ønskja å samle likesinna frå heimtraktene sine. Laga har opp gjennom åra letta overganget til eit nytt miljø for mange medlemmar, samstundes som dei har vore ein kanal for å halde kontakt med heimstaden. Ungdoms og bygdelaga er, og har vore, ein arena for kontakt på tvers av generasjonar, yrker og livssituasjonar.