Velkommen til førjulskonsert og ein kvil i julestria!

Konserten ”Prøysen, Piaf og Paganini – julespesial” tek utgangspunkt i det beste frå den franske Chanson-tradisjonen, fiolinens trollmann og ikkje minst Hedemarkens diktar.

Ole Nilssen, Sunniva Christensen og Evald Fredholm lovar god stemning og svingande taktar i Storsalen i Nordahl Bruns gate denne søndagen. Nilssen og Fredhom kjem begge frå ” Prøysenland” og saman med Christensen sitt felespel byr dei på både ekte førjulsstemning ala Snekker Andersen og smektande tangorytmar frå Paris’ bakgater og dansegolvet på Hedmarken.

Bygdelagssamskipnaden byr på gløgg og småkaker. Etter konserten er det dans til eit av dei beste danseorkestra i landet, Dølalæte, inkludert i billetten.

Ole Nilssen – trekkspel
Sunniva Christensen – fele
Evald Fredholm – song, gitar

Bill. kr 150/100  i døra. Gløgg og småkaker, samt påfølgande dans er inkludert i billetten.