Sogn og Fjordanelaget i Oslo er eit levande bygdelag med aktivitetar også i tillegg til

leikarringen vår (Sogn og Fjordaneringen). I haust har vi tre trivelege ting å sjå fram til:

• Hyttehelg

55-årsjubileum for Nordfjordhytta på Solfjellet, Rykkin, 19.–20. september,

med ost og kjeks, anna godt og kjekt. Bli med til plassen med Bærums mest praktfulle utsikt!

• Smalahovehelg på Sunnfjordhytta

Pustut på Sinober i Lillomarka, anten 17.–18. eller

24.–25. oktober. Nærare kunngjering på nettsidene våre og BLS-sidene.

• Klubbefesten 7. november!

Årets haustfest trur vi blir ’all time high’, med program og dansemusikk av aller beste merke:

Konsert med Sigrid Moldestad (foto: ) – og Arne Sølvberg stiller som kjømeister/visevert og

spelar til dans med Fjelljom Spelemannslag… Og så klubben då; full raspeballmiddag m.m.

Dessutan feiring av at Nordfjordlaget vart skipa for 100 år sidan!

Pga. av maten må vi ha påmelding til alle desse arr., sjå opplysningar om kontaktpersonar på

https://www.sognogfjordanelaget.no/Kontaktoss.html

Velkommen til ein opplevingsrik haust i laget vårt!