PERSONVERNERKLÆRING for Bygdelagssamskipnaden i Oslo

Oppdatert 16.9. 2018

Bygdelagssamskipnaden (BLS) er fylkeslag for Oslo og Akershus i Noregs Ungdomslag (NU).
Denne personvernerklæringa seier korleis BLS behandlar personopplysningar. Erklæringa gjeld for styret og nemnder i BLS. Faste nemnder er Eigedomsnemnda og Folkedansnemnda.

Denne personvernerklæringa gjeld ikkje for enkeltlag som er medlemmer i BLS.

Ansvarleg for behandling av personopplysningar:
Ansvarleg for innsamling og behandling av personopplysningar: Leiar i BLS
Førespurnader om innsyn og endring: Kontakt styret i BLS, epost: styret@bls.no

Medlemskap:
Medlemmer i eit av medlemslaga i BLS er også medlemmer i fylkeslaget (BLS) og i Noregs
Ungdomslag (NU). BLS har ingen personopplysningar om medlemmer. Styremedlemmer i BLS har tilgang på personopplysningar gjennom tilgang til NU sitt medlemsregister Hypersys.

Kurs:
Personopplysningar som BLS bed om frå kursdeltakarar: namn, epost-adresse, telefonnummer.
Dersom kurset har rett til støtte frå Studieforbundet Kultur og Tradisjon (eller andre), kan arrangør i BLS be om fleire opplysningar (til dømes: fødselsår) for bruk i søknaden.

Desse opplysningane kan BLS lagre og/eller sende vidare til NU, og bruke for å sende informasjon til deltakarar. For kursstøtte blir då kurs- og deltakaropplysningar sende vidare til den organisasjonen der BLS søkjer støtte.

Alle persondata som BLS har, skal slettast om det vert kravt.

Persondata til tredjepart
BLS sender som hovudregel ikkje persondata vidare til tredjepart. Unntak frå denne regelen er å sende påmeldingar til kurs vidare til NU og kursdata/deltakarliste til den organisasjonen der vi søkjer støtte.

Bildesamtykke
BLS hentar inn samtykke til å ta og å bruke bilete eller film frå eit arrangement ved påmelding eller frammøte. Bilete som ikkje blir brukte eller vert lagde i eit bildearkiv, blir sletta. Aksept til å bruke bilete kan trekkjast tilbake.

 

for styret i BLS
Jan Hilding Eriksen (leiar)

2018-BLS-personvernerklaring