Styret i BLS 2018-2019

Jan Hilding er leiar i styret, og han er også leiar i Hordaringen. Han er med i Hordalaget.
Kontaktinfo: mobil: 48062560 epost: jan.hilding@yahoo.no

Guro Gjernstadberget er nestleiar i styret og ho er styret sin kontaktperson for Folkedansnemnda og for folkemusikk og dans i BLS. Ho har erfaring med styrearbeid i andre lag. Guro er medlem i BUL

Terje Svindseth er økonomiansvarleg i styret. Han har vore med i styret i BLS i fleire år. Han er også styreleiar i BUL.

Oddgeir Havn er eigedomsansvarleg og leiar i Eigedomsnemnda. Han er medlem i Sogn- og Fjordanelaget.

Ragnhild Marie Holen er styremedlem og kontaktperson for å utvikle ny heimeside for BLS. Ho er og rettleiar i Barnelaget i Oslo. Ragnhild er medlem i BUL.

Styret har felles epost-adresse: styret@bls.no

På bildet: F.v.: Terje Svindseth, Guro Gjerstadberget, Jan Hilding Eriksen, Oddgeir Havn, Ragnhild Marie Holen.

Ver velkomen til å kontakte oss i styret.
Helsing, for styret
Jan Hilding Eriksen

Følg oss på sosiale media